Om

Foto: Kristin Hauge Klemsdal / Bergen kommune.

Foto: Kristin Hauge Klemsdal / Bergen kommune.

 

tidligare oppdragsgivarar:

Sørlandet Kunstmuseum

Oseana Kunst og Kultursenter

Ålesund Kunstklubb

Voss Senioruniversitet

Halden Eldreakademi

Fjell Folkeboksamling

Laksevåg Senioruniversitet

KODE Kunstklubb

Bergen Offentlige Bibliotek

Rekstensamlingene

Pensjonistuniversitetet i Drammen

Bryggens Museum 

m.m. 

 

FOREDRAG MED RENATE RIVEDAL

Er du interessert i kunst og kultur?
Er du medlem av ein Kunstklubb, leiar for eit Senioruniversitet eller er ansvarleg for eit arrangement knytta til kultur på arbeidsplassen? Ynskjer de å samlast for å bli inspirert, få underhaldning og ny kunnskap?

Fortel kva de er interessert i å høyre meir om og eg skreddersyr eit foredrag for dykk. Eller de kan velje frå ei variert liste over foredrag som allereie er klare.

Pris:
Frå kr. 15.000 for eit nytt foredrag om valgfritt tema.
Frå kr. 12.000 kr for eit av foredraga her på www.kunstforedrag.no
Alle foredrag varer 45 min - men eg kan gjere tilpassinger når det gjeld tema og lengde.

Ta kontakt i skjemaet nederst på sida eller ved å sende ein e-post til:
r_rivedal@hotmail.com

Litt om meg: 
Eg har ein master i kunsthistorie frå UIB, der eg skreiv om Sophus Tromholt (1851-1896), nordlysforskar og pioner innafor fotografi av den samiske befolkninga i åra 1882-1883. Eg har lang erfaring som formidlar ved ulike kunstinstitusjonar, og eg har eit brennande engasjement for kunst - og kulturformidling. Eg arbeidar i dag med www.kunstforedrag.no og som kunstkritiker i Bergens Tidende.

Gjennom jobben som formidlingskonsulent ved KODE har eg særskilt fokusert på formidling til barn og eldre. Her har eg hatt omvisingar og vert med på utvikling av ulike formidlingstilbod. Eg har også tidligare hatt ansvaret for seniortilbod og deltatt i utviklinga av museets formidlingstilbod til insatte i Bergen Fengsel. 

Eg blir omtalt som ein dyktig formidlar som tilpassar språk, form og innhald til dei ulike målgruppene. 

I tillegg til jobben ved KODE, har eg arbeidd på Lepramuseet, St. Jørgen Hospital (Bymuseet i Bergen), Bergen Assembly, Den kulturelle Skolesekken og Bergen Offentlige Bibliotek.