Attest

Attest Voss Senioruniversitet - Vestlandskunstnarar

Kunstformidlar Renate Rivedal forsvarde det yrkestittelen hennar seier - ho var ein framragande formidlar. "God å høyra på med si klare og tydelege røyst", var kommentaren frå fleire av tilhøyrarane. Renate Rivedal heldt oss godt i ånde i ein time med kronologisk gjennomgang av utvalde vestlandskunstnarar frå J.C. Dahl (1788-1857) og fram til vår tid med Mari Slaattelid frå Voss fødd i 1960.

Foredrag hadde ho delt opp i 8 bolkar. Romantikken, Nasjonalromantikken, Realisme og naturalisme, Outsiderane, Ny grafikk, Dei etablerte, Utfordrarane og til slutt Dialog med Mari Slaattelid. For det meste hadde ho med eit kunstverk av kvar kunstnar. Ho presenterte kunstverka med fyldige kommenrarar både om kunstnarane og sjølve verka. 

Mari Slaattelid brukte ho meir tid på og viste 5-6 ulike kunstverk av henne. Fleire av bileta hadde ho fått viktige prisar for. 

Kunne ein sjå att Vestlandet i kunstverka til dei ho hadde presentert? Tydeleg hos ein del, meinte ho, men det gjaldt nok ikkje alle. 

Det vart ikkje så mange spørsmål etterpå. Litt om korleis mange av dei eldste, ofte fattige kunstnarane greidde å skaffe seg utdanning. Ho meinte også at det var eit levande og bra kunstmiljø i Bergen på spørsmål om det var i Oslo det meste skjedde.

Der møtte 106 tilhøyrarar + 12 frå Voss Husflidskule. 

Renate Rivedal