E66DE5F7-9230-4F41-BABB-720279B9FFDF.JPG

Anmeldelsar

«Broken Hearts are For Assholes»

Brasilianske papegøyar, knuste hjarte, sorbé og sukkerspinn! Om du skal sjå ei utstilling som får hjernen til å krible og hjertet til å pumpe litt ekstra, sjekk ut «Broken Hearts are For Assholes» av Kiyoshi Yamamoto på S12 Galleri og Verksted. 

 Kiyoshi Yamamoto er gjerne mest kjend som tekstilkunstnar, med vakre tekstil i store format. Men han har også jobba med både skulptur, vev og stofftrykk, i tillegg til performance. Uavhengig av uttrykksform har han alltid utforska og utfordra dei tradisjonelle materiala. I denne utstillinga går Yamamoto inn i ny materialverd og utforskar glas. Og for eit deilig velkomponert samansurium av tropiske fargar og variantar av glas som møter oss på Bontelabo. Her møter vi eit festbord med ulike glas-komponentar, lp-plater, svarte perler og tynne glas-sugerør, alt samla på eit Yves klein-blått og mjukt golvteppe. 

 Nokon små vakre vasar inspirert av brasilianske papegøyar fekk hjertet mitt til å hoppe litt ekstra. Dei var som Yamamoto sin samtids versjon av den berømte Alkemuggen frå Egersund. 

 Men tankane mine går også til ein ganske anna type kunstnar, biletkunstar Thomas Pihl. Hans minimalistiske maleri har fått omtalen «lickable», som utrykke lysten til å smake eller sleike på bileta hans. Og Yamamoto sin glaskunst gir meg same lysten, det er som eit rom fullt av sukkertøy, av tivolistemning, av sorbé eller sukkerspinn. Men der Pihl sin vakre kunst tar tid å synke inn i, er Yamamoto sin kunst umiddelbar og eksplosiv. 

Utstillingstittelen «Broken Hearts are For Assholes», siterar ein song av den amerikanske artisten Frank Zappa. Allereie der set kunstnaren ein breial tone, med assosiasjonar til forsmådde elskarar, singelliv, rock og 70-talet. 

Både glaskunst og tekstilkunst har tidligare (som oftast svært ufortent) fått rolla som den litt kjedelege og umoderne veslesystra i kunstverda. Men i Kiyoshi Yamamoto si verd møter ein både det estetisk vakre og det samtidige. Utstillinga har høg kunstnarisk verdi og er estetisk vakkert, samstundes leiken og frekk.

Eg elskar korleis han namngjer dei ulike glasobjekta etter tidligare elskarar, kor lekkert han samlar dei ulike komponentane ved hjelp av det blå teppet og ikkje minst rammar det heile inn ved hjelp av sine vakre silke—tekstil. 

 Eigentleg skulle ein også få velje si eigen lp-plate og sette på passande musikk til opphaldet i utstillinga, noko som ville gitt ein ekstra dimensjon og stemning. (Og også kanskje underbygga Zappa-referansen?)

 Men uavhengig av musikken. Det gnistra og det spraka i verda til Kiyoshi Yamamoto. Utstillingsteksten nemnar Mark Rothko og det meditative og det kontemplative. Og enkelte kan heilt sikkert kjenne ro i utstillingsrommet, men eg kjende meir på ein enorm positiv energi. Som om ein er invitert inn i ein gøyal og surrealistisk draumeverden. Som Den Gale Hattemakaren i Alice i Eventyrland har invitert til fest. Men der hattemakarens te-selskap enda i eit forvirrande bakvendtland, synest alt i Yamamoto sin verden derimot harmonisk, positivt og heilt heilt riktig.

 Ei utstilling å bli glad av! Og det treng vi akkurat no! 

 

Renate Rivedal