E66DE5F7-9230-4F41-BABB-720279B9FFDF.JPG

Anmeldelsar

Simone Hooyman og Silje Heggren - opningstale Kunstgarasjen januar 2020

Vi kunne denne veka lese om at Verdens Helseorganisasjon (WHO) fastslår at kunst kan betre vår fysiske og psykiske helse. Å uttrykke håp og bekymring gjennom kunsten, og dele kunstnariske uttrykk er like grunnleggande som vårt behov for å ete og slukke tørsten.

 I kveld opnar Kunstgarasjen to utstillingar, med to ulike kunstnarar som på kvar sin måte ynskjer å dele sin tørst etter det vakre og det estetiske, men og dele beinhard fysikk, kunsthistorie og forskningshistorie. Her finn vi spor av politikk, flyktningstrømmar og miljøkatastrofar. Men og ispedd eit hav av humor og med eit brennande ønske om å forstå. 

 Mens Silje Heggren forskar og fabulera i vakre glitrande krystallar, og tar oss med inn bak husfasadane til ei fargerik verd av rørsystem og umulige vinklar. Går Simone Hooyman i hovedverket RAS inn i sjølve kroppens system – med pumpande blod og raude sener. Ho tek oss med til rasande byar og grøne grødande enger, ispedd fortryllande musikk.  

Silje Heggren har frå tidleg 2000-talet fabulert og malt seriar om uteliv, flyplassar, surrealistiske byar og evighetsmaskiner. 

I utstillinga som opnar i kveld møter vi utvalgte bilder frå 2 seriar Utopolis og Time Crystals. Begge seriane - med eit uttrykk om noko ukjend, men og noko positivt  -  den eine Utopolis – ein umulig framtidsby – ein perfekt stad vi endå ikkje har opplevd. Den andre tidskrystallar – også noko ingen har sett eller opplevd – men som berre i ordet «tidskrystall» gir oss lovnadar om noko framtidsretta, vakkert og magisk.  

 Som ein byggingeniør eller kanskje meir som ein visuell kirurg går Heggren på jakt bak fasaden. Og gjennom hennar blikk oppdagar vi skjulte konstruksjonar, kulerammer, system, ledningar – eit usynleg bygningsskjellet som blendar oss med sine fargesterke flater. 

 Og aldri har vel tenkte kloakksystem, elektriske anlegg og innmaten til ein bygning sett vakrare ut enn gjennom Heggren sitt blikk. 

 Samtidig kan vi aldri heilt vere sikre på kva vi ser. Ho gir oss aldri ein målestokk å gå etter – vi anar ikkje om det vi observerer er mikroskopisk eller ein enorm konstruksjon. Det er så konkret, samtidig så abstrakt. Det er eit kaos, samtidig ei ro i maleria hennar. Dei ni-tidige laga med akrylmaling, med leikande sprø godterifargar.  

 I den andre serien møter vi beinhard fysikk – ei slags evighetsmaskin på krystallnivå. Ein tidskrystall er noko ingen veit korleis ser ut – ein atomstruktur som gjentar seg regelmessig over tid. Gjennom Heggren sine penselstrøk møter vi hennar visjon – ein vakker fabulering av linjer, fargebruk og flate. Frå det svartaste svarte som absorbera lyset, til ultramarin og skimrande overflater. Vitenskap og estetikk samla i ein visuell logikk. 

 Simone Hooyman invitera oss inn i ei visuell verd med tittelen «How beautiful – How catastrophic», der vi aldri veit om vi er komen til eit grødande paradis eller til eit brennande inferno. Om vi i det heile tatt er på vår eiga jord lengre eller om vi sirklar rundt i bane på ein ny planet. Kanskje er vi framleis på vår eiga jord, men kanskje i ein heilt anna tidsperiode. Kanskje 1000-vis av år etter at ein miljøkatastrofe traff oss. Eller for 1000-vis av år sidan – før vi – menneska – øydela vår eigen heimstad.

 Naturen og miljøet vi vert dratt inn i er også ei slags evighetsmaskin – naturen som gror og gror – gjentakande sesong etter sesong. Foranderleg, men og uforanderlig.

 Hooyman invitera oss til å sjå gjennom barnets blikk – til å opne forhenget og sjå kva som befinn seg bak. Det vanlege mot det uvanlege, rorbuer og rosemaling møter moltebær og grøne skilpadder. Minner frå den transibirske jernbana blanda seg med bølgande havvesen, lyset som bryt i gjennom overflata, og regndråpar som regnar oppover.

 Ein grøn knopp som treng gjennom brun jord, byar som reise seg, naturen som fjerna seg. Det er heimekjært og det er fjernt – og vi flyt gjennom landskapet. 

 Hovedverket RAS: viser oss det skjønne i det groteske – det blendande vakre i katastrofen. Millionbyar som knusast, dryppande blod, ho invitera oss inn i til å sjå konstruksjonen bak – musklane og venene – den menneskelege forma.  

 Alle problema i verda – intuitivt, utan narrativ fanga i hennar strek. Vi må berre følge hennar reise. Og det er ein dystopisk verden vi er vitne til – samtidig er det også eit håp. Kanskje vi allereie lev i denne dystopien og at vi snart beveg oss oppover og ut av den? «Kor vakkert og kor katastrofalt» er vel ikkje det? 

 

 

 

 

 

2 fasinerande kvinner og 2 fabulerande visuelle kunstnarar møtes i desse 2 utstillingane. Dei har kvart sitt spesifikke uttrykk og kvar sin innfallsmetode. Samtidig er fabuleringa rundt dystopi og utopi noko som gjer gjenklang hos dei begge. I begge utstillingane møter vi den her dualiteten av kaos og ro -  katastrofe og orden –  natur og vitenskap - støy og stillhet - så konkret samtidig så abstrakt. 

 

Begge har og det umiddelbare ved seg – ein vert umiddelbart trekt inn i deira verd på deira premisssar. Gjennom lag på lag med akvarell eller lag på lag med akryl, med innslag av skinnande glassbitar og det svartaste svarte. 

 

Begge utstillingane her i kveld viser at kunsten har ein sjølvsagt stad i vår verd. Den vise korleis kunsten kan ta dagsaktuelle spørsmål og problem opp til diskusjon, korleis den kan fabulere og leike seg, korleis vitenskap og estetikk høyrer saman, og korleis kunsten framleis har ei sterk politisk slagside. 

 

Og ikkje minst korleis kunsten faktisk kan vere med på å forandre oss! 

 

Så til slutt: 

 

Til alle dokke som er komt til opning her i kveld – slukk tørsten i desse 2 fabelaktige utstillingane! 

 

Silje og Simone! Gratulerer så mykje med utstillingane som herved er opna!

 

Takk for meg! 

 

 

 

 

5_Ras-scaled.jpg
IMG_2437-1-scaled.jpg
Renate Rivedal