E66DE5F7-9230-4F41-BABB-720279B9FFDF.JPG

Anmeldelsar

Strålande Lovecraft hyllest!

Galleri LNM (Landsforeningen Norske Malere) har dei siste åra hatt fleire fantastiske utstillingar (mellom anna Andreas Siqueland sin “Hole in the Woods” der sjølve utstillingsveggane var dekka av Siquelands fantastiske koloritt) - men eg har aldri sjølv fått tatt turen dit. Men no vart det endeleg min tur! Og for ein nydeleg start!

👻 Bjørn Båsen si utstilling «Ghosts» på Galleri LNM i Oslo er vel verdt ein tur✨🗯🤍🗝🏛🌪🐚🐁🕸Utstillinga tar utgongspunkt i tre kunstnariske forbilde Peter Tsjaikovskij, Marquis de Sade og H.P. Lovecraft. 

Båsen tar i verket «Lovecraft Cabinet» utgangspunkt i H.P. Lovecrafts siste bolig i heimbyen Providence, Rhode Island🏛Der Lovecraft levde sine siste år, og også døde. Vi møter eit hus frå 1825, der Lovecraft budde i øvste etasje, eit hus med eit gråleg indre, før det til slutt openbere seg eit fantastisk fargerikt univers i den innerste billedramma🌪🌪🌪

👻 Bjørn Båsen «Marquis de Sade Cabinet» ✨🗯🤍Verket er inspirert av Marquis de Sade er ein av tre kunstnariske idol- som Båsen har tileigna desse skulpturelle maleria til🌪🌪🌪Utsida er lys og lett, innsida veltar over av ei slags brungul gusje, som renn ut.

👻 Bjørn Båsen «Tsjaikovskij Cabinet»✨🗯🤍🗝🏛🌪Utsida er frodig, med ein dam og med vakre blomar. På innsida møter vi eit vakkert russisk teater med eit blodraudt sceneteppe. På innsida møter vi Tsjaikovskij sjølv, malt i fjør🦢🦢🦢

Som eit slags lagvis triptyk eller eit dukkehus dukkar det opp nye motiv. Arbeida er konstruert som maleri, i form av skap som kan lukkast og opnast, og dei ulike laga av verka danna eit blikk innover i kunstnarskapen og mennesket Båsen trekk fram🕸

Båsen sjølv kallar dei for kabinett, som spelar på 1600-tals raritetskabinett. Eit raritetskabinett eller kurositetskabinett var ofte el utstilling i privat eige, og var fylt av sjeldne, eksotiske og merkverdige objekt🐚🐁👻💥

Det er ei fortelling i verket, eit spel mellom det utvendige og det innvendige, det skjulte og det opne. I tillegg til kabinetta har Båsen laga ein serie teikingar med historie som er bunden til både han sjølv og til hans utvalgte kunstnar. Han plasserar seg sjølv parallelt med sine forbilde, og skapar ein link mellom dei og seg sjølv, det heile understreka med ein teikneserie-aktig stil🖤🏛

Ei eventyrleg utstilling som definitivt er verdt å sjå med eigne auge om du er i Oslo 🖤🏛🕸Eit moderne raritetskabinett med både det skremmande og det eventyrleg hemmelige som møter oss 🖤🗝


Bjørn Båsen «Tsjaikovskij Cabinet» 2020

Bjørn Båsen «Tsjaikovskij Cabinet» 2020

Bjørn Båsen «Tsjaikovskij Cabinet» 2020

Bjørn Båsen «Tsjaikovskij Cabinet» 2020

Bjørn Båsen «Tsjaikovskij Cabinet» 2020

Bjørn Båsen «Tsjaikovskij Cabinet» 2020

Bjørn Båsen «Marquis de Sade Cabinet» ✨2020

Bjørn Båsen «Marquis de Sade Cabinet» ✨2020

Bjørn Båsen «Marquis de Sade Cabinet» ✨2020

Bjørn Båsen «Marquis de Sade Cabinet» ✨2020

Bjørn Båsen «Lovecraft Cabinet» 2020

Bjørn Båsen «Lovecraft Cabinet» 2020

Bjørn Båsen «Lovecraft Cabinet» 2020

Bjørn Båsen «Lovecraft Cabinet» 2020

Bjørn Båsen «Lovecraft Cabinet» 2020

Bjørn Båsen «Lovecraft Cabinet» 2020

Renate Rivedal