- kultur og kaos

ei kunstfortelling

ei kunstfortelling

Foto: Vera Lunde

 
 

Podkasten ei kunstfortelling er like rundt hjørnet

Fortellinga om Frida Kahlo innehar alle ingrediensar: stor kunst og stor dramatikk, politikk og revolusjon - og sjølvsagt også kjærlighet – både den lykkelege, men kanskje aller mest av det ulykkelege slaget.

Frida var i si tid kjend som fru Rivera – i dag er ho langt meir kjend enn sin ektemann, kunstnaren og levemannen Diego Rivera. Ho er så kjend i dag at personen og livet ho levde av og til overskugga kunsten hennar. Frida brukte seg sjølv i kunsten sin -  omtrent ein tredel av kunstnarskapen hennar er reine sjølvportrett, dei aller fleste maleria var ein kommentar til livet ho levde, og i tillegg finnes det 100-vis av fotografi av ho, tatt av fotograf-kunstnarar som Manuel og Lola Alvarez Bravo, Nickolas Muray og Martin Munkacsi – som gjorde ho til eit ikon allereie i si eiga levetid.

Og i dag er ansiktet hennar på tekoppar og kaffikrus, på murveggar og t-skjorter – som kunstnar og som feminist-ikon. Eit samansurium og ein collage av fotografi, kunstverk, og i scenesettelse av Kahlo sjølv.

 I denne sesongen av «Ei kunstfortelling» skal eg gje deg fortellinga om livet til kunstnaren Frida Kahlo, og ikkje minst skal vi høyre om, oppleve og tolke kunsten hennar.