- kultur og kaos
E66DE5F7-9230-4F41-BABB-720279B9FFDF.JPG

kultur og kaos

Impresjonistisk Grammy

Chappell Roan i Jean Paul Gaultier, Grammy 2025, GETTY

Det var ein kjole alle snakka om etter Grammys 2025, men etter mi meining var det ein heilt anna kjole som burde vore snakka om.
Songaren Chappell Roan kjend for den strålande Pink Pony Club, hadde på seg ein vintage haute couture Jean Paul Gaultier kjole frå designaren sitt arkiv. Kjolen kalla «Corps de ballet» var inspirert av maleria av Edgar Degas sine vakre ballerinaer. Kjolen kjem opphavleg frå designaren sin Haute Couture Vår/Sommar 2003 kolleksjon.

Edgar Degas “Den vesle 14 år gamle dansaren” 1922 / MET Museum

Trykket på kjolen kan minne om «Danser med bukett» frå 1877-1880 eller «Gule dansere» (i vingene) frå (1874-76). Og ikkje minst er den eit nikk til bronseskulpturen av den vesle ballerinaen med sitt tutu-skjørt.
Degas brukte endelause timar i operaen der han såg førestillingar og prøver. Han ynskja å fange dansarane sin kropp både i elegante bevegelse og i kvile. Men antrekka er også ein heilt essensiell del av opplevinga av Degas sine verk. Ein kan nesten høyre bølgene av tyll bevege seg når ein ser maleria. Maleria frå dei parisiske ballettdanserane og ikkje minst den vesle ballerina-skulpturen er vorte ikoniske verk i kunsthistoria, og lev no vidare gjennom ein ikonisk designar og ein strålande songar.