Its a good thing!
MARTHA – via Netflix
Verdas fyrste influensar, husmor og kokebokforfattar. Eller kvitsnipp forbrytar i oransje fangedrakt? I dokumentaren «MARTHA» på Netflix smeltar alt saman i ein blond og pen innpakning. Men det er så mykje meir til historia enn blonde lokkar og eit pent smil. Den nye dokumentaren viser korleis Martha Stewart går frå modell, til å arbeide på Wall Street, til å drive med upperclass catering. Alt ho gjer verkar gjennomsyra av eit ynskje om perfeksjonisme, men og av hardt arbeid. Ho er beinhard og strikt, noko som fører ho opp og fram, men som og gjer til at ho får sin porsjon med uvenar på vegen.
Men eg ELSKAR det ho skapar, elskar stemninga og luktene ho framkallar. Eg elskar det rustikke og landlege, elskar dei smårutete dukane og elementa av grovt tre. Men genistreken ligg i å blande alt det med det overdådige og elegante. Og ikkje minst i mengda av kvart objekt, slik som ein ser i fotografiet av Martha, der det heng mengder av koparkjelar og korger frå taket. Grønsakene og blomstrane er store og nærast veltar utover bordet.
Ho studerte sjølv både kunst, historie og arkitekturhistorie noko ein også kan sjå att i måten ho komponera fotografia av seg sjølv og maten ho presentera. Og Stewart sjølv samanlikna måten ho bygde opp fata, bretta og borda sine med nederlandske stilleben. Dei presenterte også ofte frukt og grønsaker i overdådige komposisjonar, blanda tekstur og ulike overflater, tørka blomar med vinglas med boblande drikke. Skuggane og lyset spelte ei elementær rolle i maleria, noko ein ser att i dei glansfulle magasinsidene frå 80-talet. For Martha Stewart kan kunsten å blande det smålåtne med det luksuriøse, dei ulike teksturane og dei ulike laga.
Frå ho starta med catering i 1976 gjekk det slag i slag, med vakre bøker med fargebilete og mengder av idear, til eige magasin og eiga linje på billig-kjeda Kmart (fordi alle kan ha god smak, sjølv utan god råd!). Til ho enda med eit multimediaselskap som enda med å bli børsnotert. Før livet snudde og ho var fengsla i 150 dagar.
Den nye dokumentaren om Martha Stewart anbefalast på det sterkaste. Den viser både oppturen og nedturen i det private livet til Martha og i karrieremennesket Stewart. Sjølv med eit tilknappa og stramt ytre, har ho ein særeigen formidlingsevne og ei sjarmerande side, som gjer til at eg straks googlar Croquembouche, og set det på lista over prosjekt eg vil fullføre før jul.
Sjølv om ho har sin porsjon av raude flagg, er ho fasinerande. Ikkje minst fordi ho har klart det utrulege. Ho er igjen relevant. Ho har gjennom tidenes snuoperasjon oppnådd kulturell relevans, og briljera i dag på sosiale media. Martha Stewart og kompisen Snoop Dogg kven hadde sett den komme?