To verk laga av ull stel hjarte mitt
Tysdag 19. november skal Blomqvist ha auksjonen «Munch & høydepunkter». Og for nokon høgdepunkt vi møter! Riktig nok av den gode, gamle sorten. Her kan du fortape deg i nydelege vintermotiv av Christian Skredsvig. Kjenne knasande snø under beina, og kjenne kjøleg luft rive i nasen. Observere den vakre Eva Mudocci som ser dovent mot oss med tunge augelokk. Her finnes både Anna Eva Bergmann og ein fin Nerdrum frå 1979.
Knud Baade sine vidunderlege, mystiske måneskinns-landskap. Klassiske motiv og klassiske namn: J.C. Dahl og Hans Gude. Greiner som strekk seg og blad som risla i vinden. Og så fjorden då. Gude sine maleri av Christianiafjorden som blenker og strålar. Åretak og klukkande bølger. Og ikkje minst maleriet av Jossa. Det var lenge ei sanning at Krohg hadde mala 2 variantar av Jossa, men no viser det seg at det har dukka opp eit tredje. Jossa kan ein også finne att i det store Albertine-maleriet. Men i maleriet vi finn i auksjonen til Blomqvist står ho aleine mot ein enkel bakgrunn. Krohg malar ho med enorm kraft, det er både trass, tankekraft og alvor i kroppen.
Men mine to favorittar må vere to kunstverk av to ulike tekstilkunstnarar. Dronninga sjølv – Synnøve Anker-Aurdal med ein liten sjakkmønstra vevnad og ikkje minst den strålande Hannah Ryggen med ei kvinne kledd i eit blått sjal. Ho skjula munnen bak sjalet og ser på oss med vaktsame auger. Blant nydelege oljemåleri og litografi frå Munch var det to verk laga av ull som stal hjartet mitt på årets siste store auksjon.
Les meir på: https://www.blomqvist.no/auksjoner/24HT-hoydepunkter-and-munch