Jesus drapert i ein Keffiyeh
I katolske land er ofte krybbene plassert på offentlege stadar, som på Petersplassen i Vatikanet der julekrybba i naturtru størrelse har vore satt opp kvart år sidan 80-talet. I år har Paven, den katolske kyrkja og Vatikanet verkeleg kasta seg inn i debatten, og viser tydeleg kva dei meinar om den pågåande krigføringa på Gazastripa.
Julekrybba i Vatikanet i 2020
Dei siste tiåra har julekrybbene vert donert frå ulike italienske regionar, og i 2020 kom det i frå ein by i Abruzzo-regionen som er særskilt kjend for keramikk. Julekrybba som vart laga i tidsrommet 1965-75 har over 45 figurar, mellom anna ein Astronaut som skal minne om månelandinga. Figuren ved sidan av derimot vart samanlikna med Darth Vader.
Meiningane var delte, nokon meinte den var strålande og annleis, andre synest den var forferdeleg. Men det fine er at krybba ofte skapar debatt, eit år var det ein øydelagd båt som skulle symbolisere båtflyktningar, eit anna år var det ei fengselscelle som var scena for julekrybba. Eg har vore spent på kva som skulle komme i år, eit år fylt av økonomiske vanskar og samfunnsmessig uro for mange – men kanskje aller mest eit år vi vil hukse for krig og lidelsar i ulike stadar av verda.
Og sterkare kan det vel knapt seiast av ein katolsk pave? Julekrybba i Vatikanet er i år ei gåve frå byen Grado - men i front står dei palestinske kunstnarane Johny Andonia and Faten Nastas Mitwasi, som begge opprinneleg er i frå Betlehem. Her ser vi baby Jesus ligg i ei krybbe som er drapert av ein Keffiyeh (eit palestinaskjerf), noko som ytterlegare understrekar Pave Frans tidlegare ord og oppfordring om fred i Gaza. Saman med lanseringa av årets julekrybba gjekk Pave Frans til angrep mot våpenindustrien som tener pengarpå andre sine lidelsar.