- kultur og kaos

kyrkjegardboka

Kyrkjegardsboka - kyrkjegardar i Vestland

Foto: Renate Rivedal: Assistenkirkegården, Bergen

 
 

Kyrkjegardar har ei eiga kjensle over seg. Ein stad der historier, minner, kjærleik og sorg oppheld seg. Ein stad for mystikk og smale grusgangar, for hengande bjørker og steinstøtter med svake inskripsjonar, for kviskrande stemmer og våt jord. Gjennom prosjektet «Kyrkjegardsboka», ynskjer eg å fange stemningane og historiene ved små og store kyrkjegardar på Vestlandet.

På ein kyrkjegard finn ein kunsthistorie og kulturhistorie. Ein kan sjå nærare på sosialhistorie og krigshistorie. På ein gravplass finn ein både fattig og rik, dei som vart sett på som viktige og dei som vart sett på som uviktige. Her finn ein historier om sjukdom og tidleg død, om ulykker og epidemiar. Om slekter og slekters gong. Om storfamiliar og dei einsame. For gjennom kyrkjegardane kan ein vekke historiene om desse menneska som ein gong levde til live på ny.

 Gjennom prosjektet «Kyrkjegardsboka - Kyrkjegardar på Vestlandet» vil eg finne fram dei skjulte og spanande historiene som fortener å kome fram i lyset.